Om Vitnemålsportalen

Vitnemålsportalen er ein norsk portal som er utvikla av CERES (tidligere FSAT) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Målet med Vitnemålsportalen er å skape ein teneste som bedrifter og offentlege etatar kan stole på, der eigar av resultata på ein enkel måte kan synleggjere resultata sine til bedrifter og etatar. Vitnemålsportalen hentar inn resultat frå utdanning, dvs. oppnådde grader og karakterar, og gjer det mogleg for den som har resultat til sjølv å kunne dele desse med ønska mottakarar. Dei primære brukarane av Vitnemålsportalen vil, i tillegg til den som resultatet gjeld for, vere arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og eventuelt andre som treng innsyn i desse resultata.

Forskrift

Forskrift om Nasjonal vitnemåls- og karakterportal

Historikk

USIT ved Universitetet i Oslo fekk i 2011 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) å utarbeide ein spesifikasjon for ein nasjonal vitnemålsportal. Dette oppdraget blei gitt i eit supplerande tildelingsbrev 06.12.2011. Det blei då nedsett ei eiga gruppe for å lage ein spesifikasjon av ei slik teneste som skulle gjere det mogleg å dele resultat frå FS-institusjonar på ein digital måte. Denne gruppa blei leia av Geir M Vangen. Spesifikasjonen blei levert til KD i januar 2013 og utviklinga starta i 2015 (i 2016 blei prosjektet fullfinansiert av KD). Første versjon av Vitnemålsportalen blei produksjonssett 17. januar 2017.

Internasjonalt samarbeid

Vitnemålsportalen er utvikla i samarbeid med Erasmus+ prosjektet EMREX. Tenesten har vore i pilotproduksjon sidan årsskiftet 2015/2016, der studentar som har vore på studentutveksling i Noreg har kunne dele resultata sine med sin utanlandske heimeinstitusjon. Dette har sytt for ein standardisert teneste som kan inngå i eit internasjonalt nettverk for utveksling av resultatinformasjon. Formatet som blir brukt for å utveksle informasjonen heiter ELMO, og byggjer på ein europeisk standard (CEN-EN15981).

Publisert 7. mars 2017 14:46 - Sist endret 6. nov. 2017 13:17